BIO

Detaljer
Atle Lunde f. 1969
Oppvaksen i Jølster, på garden Lunde i Kjøsnesfjorden. Arbeidar til dagleg som bonde og turistvert.
Ei rik historie, fleire hundre år tilbake i tida knytt til garden og Turiststasjonen, med historiene om
breføring på Jostedalsbreen og eit arbeid under høge og bratte fjell, har nok gjort at eg ser naturen og
landskapet rundt meg på mitt vis.
​
Eg er glad i og fasinert av naturen rundt meg og tek dei fleste av bileta mine i Kjøsnesfjorden. Lyset
og veret skiftar raskt og ikkje ein dag er lik.
Eg har teke bilete lenge, men byrja i 2016 og ta meir målretta foto. Eg kjøpte eit godt digitalt kamera
og tok alle bileta i RAW format og med Lightroom som verktøy for å gjere bileta ferdige. Den seinaste
tida har eg også brukt analogt mellomformat- kamera og framkallar då filmen sjølv.
​
Igjennom fotoklubben er eg tilknytt Norsk selskap for fotografi. Av det eg har vunne av prisar, kan ein
nemne bronse i NM og gull- medaljer frå Nordisk Mesterskap. I konkurransar utanfor norden har eg
også fått gullmedaljar og hederleg omtale på fleire av bileta. Etter fleire gode resultat i nordiske og
norske konkurransar har eg i 2024 fått tildelt « Nordisk Stormester i fotografi- Gull». Dette er gjennom
eit samarbeid som dei nordiske landa har på utdeling av hedersteikn.
​
I 2024 vann bilete «Happy life» kategorien for årets turbilete i det som er rekna for å vere den største
naturfotokonkurransen i Norden «Nordic Nature Photo Contest». Her er det deltakarar frå heile
verda, men bileta må vere tatt i Norden.
Håpar bileta mine kan vere til glede og inspirasjon, og kanskje nokon har lyst å kjøpe eit!
​
Priser
NM i foto, Bronse medalje
2022
Nordisk mesterskap, Gull medaljer
2024
Nordic Nature Photo Contest,
Årets turbilde
2024